Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Replikk

Replikk

 
I eit skodespel er ein replikk det som rollefiguren skal seie før ein annan rollefigur får ordet. Utdraget nedanfor inneheld tre replikkar. Edward har den første og siste replikken, mens Julie har den midtarste:

Edward: Hald opp no! Eg vil ikkje meir ...
Julie: Det er lett for deg å seie. Alt saman var din idé.
Edward: Ja, det har du rett i. Men det er lov å skifte meining. Smarte folk skiftar gjerne meining når noko går heilt annleis enn planlagt.

Innøvde replikkar kan fungere som signal både til medskodespelarar og til mannskapet bak scenen. For eksempel kan ein replikk med ordet «blåbærtur» vere eit signal til ein skodespelar om at han eller ho skal springe inn på scenen, eller eit signal til lydsjefen om at musikken skal slåast av eller på.

Den aller første og aller siste replikken i eit skodespel er ekstra viktige:
  • Den første replikken – opningsreplikken – opnar heile skodespelet. Aller helst skal opningsreplikken trekkje publikum inn i handlinga frå første stund av og skape tydelege forventningar om kva som skal skje vidare.
  • Den siste replikken – sluttreplikken – avsluttar skodespelet. I ein komedie kan ein god sluttreplikk vere ekstra morosam, mens sluttreplikken i eit alvorleg teaterstykke kan gi publikum noko å tenkje på. NB! Viss skodespelarane er nøydde til å fortelje publikum at framsyninga er ferdig, har sluttreplikken fungert dårleg!

Media