Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Rollefigur

Rollefigur

 
Når vi snakkar om ein person som er med på å framføre eit skodespel, skil vi gjerne mellom omgrepa rollefigur og skodespelar. Rollefiguren James Bond er blitt framstilt av fleire skodespelarar, for eksempel Sean Connery, Roger Moore, Pierce Brosnan og Daniel Craig.

Ofte er det ei utfordring å finne ein skodespelar som passar til den rolla som skal fyllast. Ikkje kven som helst kan spele rolla James Bond med truverd. På same måte kan det vere vanskeleg for ein skuleelev å gå inn i kva for helst slags rolle. I eit vellykka skodespel er det ofte slik at alle skodespelarane har fått roller som passar for dei.

Her er nokre tips som kan hjelpe deg med å spele ei rolle:
  • Tenk deg inn i situasjonen til rollefiguren. Kva føler han eller ho? Kva har rollefiguren opplevd tidlegare? Kva drøymer rollefiguren om å oppnå?
  • Finn ein verkeleg person som liknar på rollefiguren som du skal framstille. Kan du klare å etterlikne denne personen, for eksempel måten vedkommande beveger seg på eller snakkar? Er du flink til å observere detaljar, kan du etterlikne detaljane når du spelar skodespel.
  • Ta ting på sparket. Lev deg inn i rolla og ver så ekte som mogleg. Viss motskodespelaren din er førebudd på det, er det ikkje alltid så nøye at du seier replikkane ordrett slik som det var planlagt.

Media