Rollekort
Når vi lagar skodespel og rollespel, kan det vere lurt å lage rollekort som beskriv kvar enkelt figur som er med i skodespelet/rollespelet. Slike rollekort kan hjelpe oss med å halde oversikta over kjenneteikn og opplevingar som kan knytast til den enkelte rollefiguren. Rollekort kan for eksempel innehalde opplysningar om
- alder
- bustad (før og no)
- dialekt og snakkemåte
- yrke og utdanning
- hobbyar og interesser
- løyndommar
- spesielle vanar og uvanar
- viktige erfaringar/opplevingar
Fordelane ved å lage rollekort kjem best fram viss det er mange rollefigurar med i eit stykke, og viss mange personar er med på å planleggje handlinga. I såpeseriar som går over mange år, er det spesielt viktig å halde orden på livshistoria til kvar enkelt rollefigur. Når mange manusforfattarar er inne i biletet, kan det nemleg hende at ein rollefigur som var trebarnsfar tidleg i serien, i ein seinare episode alltid har vore barnlaus.