Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Scene

Scene

 
Scenen er staden der skodespelet blir framført. På skular hender det at scenen er opphøgd i forhold til resten av salen. På teatra er det ofte slik at salen er opphøgd i forhold til scenen. Når vi planlegg eit skodespel, er det viktig at vi også tenkjer på kvar vi vil plassere tilskodarane, og vi må passe på at vi bruker scenen slik at tilskodarane får med seg det viktigaste av handlinga uansett kvar i salen dei sit.

I klasserommet kan vi markere scenen med ein kritstrek på golvet, og på liknande måte kan vi markere ein scene dersom vi flyttar skodespelet ut i naturen eller nærmiljøet. I moderne teater blir skiljet mellom sal og scene nokre gongar oppheva ved at skodespelarane beveger seg ut blant publikum, og det kan ta tid før publikum skjønar at skodespelarane er skodespelarar.

Media