Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Scenetilvising

Scenetilvising

 
Eit manuskript til eit skodespel inneheld ofte beskjedar til dei ulike yrkesgruppene i eit teater. For eksempel kan manuskriptet innehalde informasjon som fortel
  • at lydteknikarane skal spele av fuglelydar
  • at lysteknikarane skal dempe lyset på scenen
  • at scenearbeidarane skal plassere kulisser og rekvisittar på ein bestemt måte
  • at skodespelarane skal ha på seg spesielle kostyme

Scenetilvisingane er gjerne utheva med anna skrift enn replikkane. Ofte er scenetilvisingane skrivne med skråstilt skrift (kursiv) og plasserte i parentesar. Viss skodespelet er skrive i tabellformat, kan replikkane stå i éin kolonne, mens scenetilvisingane står i ein annan kolonne.

Media