Scenetilvising
Eit manuskript til eit skodespel inneheld ofte beskjedar til dei ulike yrkesgruppene i eit teater. For eksempel kan manuskriptet innehalde informasjon som fortel
- at lydteknikarane skal spele av fuglelydar
- at lysteknikarane skal dempe lyset på scenen
- at scenearbeidarane skal plassere kulisser og rekvisittar på ein bestemt måte
- at skodespelarane skal ha på seg spesielle kostyme
Scenetilvisingane er gjerne utheva med anna skrift enn replikkane. Ofte er scenetilvisingane skrivne med skråstilt skrift (kursiv) og plasserte i parentesar. Viss skodespelet er skrive i tabellformat, kan replikkane stå i éin kolonne, mens scenetilvisingane står i ein annan kolonne.