Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Sidereplikk

Sidereplikk

 
Ein sidereplikk er ein spesiell type replikk som ein rollefigur seier direkte til publikum. Rollefiguren kan «gå ut av» skodespelet og kommentere handlinga eller nokre av rollefigurane. Dei andre skodespelarane frys rørslene sine til sidereplikken er avlevert.

Kva er føremålet med sidereplikkar?
  • Gjennom sidereplikkar kan publikum lettare forstå kvifor rollefigurane oppfører seg som dei gjer. Publikum får vite kva rollefigurane tenkjer og føler, ikkje berre kva dei seier.
  • Gjennom sidereplikkar kan publikum bli trekte meir med. Rollefigurane kan for eksempel stille spørsmål som får publikum til å gruble på moglege utgangar på teaterstykket.

Media