Skodespelar
Ein skodespelar er ein person som opptrer i ein film eller i eit skodespel. Skodespelarar framstiller ulike rollefigurar. Somme skodespelarar spelar helst roller som liknar mykje på kvarandre (for eksempel ei skurkerolle i film etter film), mens andre skodespelarar spelar svært ulike roller frå gong til gong.
Kva kjenneteiknar ein god skodespelar? Gode skodespelarar
- finn ut korleis dei kan leggje noko av seg sjølv inn i rollefiguren som dei framstiller
- lyttar til medskodespelarar og instruktørar
- kjem med innspel som kan gjere skodespelet enda betre
- klarer å gå inn i ei rolle og halde seg i rolla