Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Stillbilete

Stillbilete

 
I eit skodespel kan vi bestemme oss for «å fryse» handlinga på eit bestemt tidspunkt, eller vi kan stille opp skodespelarane slik vi ønskjer at dei skal vere plasserte på eit bestemt tidspunkt i handlinga. Slike stillbilete kallar vi også tablå.

Føremålet med å arbeide med stillbilete i ein teaterproduksjon kan vere at vi vil vurdere om plasseringa av og kroppsspråket til skodespelarane fortel det vi ønskjer.
  • Bør nokon av skodespelarane løfte hovudet høgare og ha ei rankare holdning?
  • Bør dei to kranglefantane stikke nasetippane sine enda nærmare kvarandre?
  • Bør skodespelarane på scenen tydelegare dele seg i to grupper – og auke avstanden?

Media