Stygg språkbruk frå sidelinja
Sist torsdag blei eg skremd av meg sjølv. Eg følgde ein smågutkamp frå sidelinja. Då sonen min blei blåsen av for offside, kalla eg den 16 år gamle dommaren for «eit blindt misfoster». Det var ikkje pent sagt. Dessverre finst det etter kvart mange foreldre som oppfører seg dårleg på sportsarrangement.
I Brønnøysunds Avis les eg at foreldre og trenarar fleire gonger i fjor var i basketak med dommaren etter kampen. Er fotball verkeleg så viktig at vi er villige til å slåst med nevane mens barna våre ser på? Svaret mitt er nei. Foreldre og vaksne må vere gode førebilete. Fotball er leik, ikkje alvor.
Norges Fotballforbund har utvikla eit sett med foreldrevettreglar. Desse reglane bør bli betre kjende. Altfor mange foreldre oppfører seg som villdyr når dei er på kamp. Dei skrik, skjenner og spyttar. Kva med litt anstendigheit?
Ein fotballvenn av meg fortalde meg nyleg at han hadde fått trykt opp dommarskjorter med påskrifta «Du får ikkje skræmt nån te å bli god». Denne bodskapen bør alle vaksne merke seg, anten dei steller med ungdom på fritida eller i skuleverket. Altfor ofte skjeller vi vaksne ut dei unge, sjølv om vi veit at ros verkar betre enn ris. Kanskje bør det bli forbode for foreldre å stå på same side som innbytarbenken. Kanskje bør trenaren få snakke med spelarane sine i ro og mak, utan at foreldra blandar seg inn.
Neste torsdag skal eg nok ein gong følgje sonen min til fotballkamp. Då skal eg følgje den tolvte foreldrevettregelen frå Norges Fotballforbund: «Hugs at barna gjer som du gjer – ikkje som du seier». Eg skal takke dommaren for kampen, uansett om dommaravgjerslene er rette eller galne.
Flau fotballfar (43)