No hastar det
Kampen er ikkje over. Det er framleis litt tid igjen før slaget er tapt. Vi må kaste oss inn i taklingane med heile kroppen, ikkje tenkje på at vi kan skade oss sjølve. Vi må kjempe sjølv om vi ligg under og spelar på overtid.
Kva snakkar eg om? Snakkar eg om fotball? Snakkar eg om Arsenal som ligg under enda ein gong? Nei, eg snakkar om ein heilt annan kamp. Eg snakkar om ein kamp som bokstaveleg talt gjeld liv og død!
Naturvernorganisasjonen WWF arbeider for å redde truga dyreartar. Nokre kampar er nok allereie tapt, for alle veit at isen på nordpolen vil smelte bort før 2050 og at isbjørnane der oppe kjem til å drukne. Men kanskje kan vi redde dei siste ville orangutangane i Indonesia?
WWF-Norge seier at ein fjerdedel av alle pattedyrartane på jorda kan bli utrydda dei neste femti åra. I landet vårt er både fjellreven og brunbjørnen i fare. Det same gjeld torsken og kvalrossen. I sterk fare er også kystkuleedderkoppen og 70 andre artar du aldri har høyrt om.
Det nyttar ikkje å gjere noko, seier du kanskje. Eg seier at du ikkje på førehand kan vite kva som nyttar.
Er du ein dårleg fotballspelar og laget ditt ligg under, kan det likevel hende at det er pasninga di som fører til utlikning. Står du på tribunen og hoiar, kan det vere ropa dine som tenner gnisten hos dei andre. Det nyttar ikkje å seie at andre kan gjere det betre. Kanskje er det nettopp du som kan redde ein dyreart.
Kampen er ikkje over, men det hastar. Meld deg inn i ein naturvernorganisasjon i dag.
Ole-Jakob (14)