God morgon.
Eg reknar med at du er på veg til skulen og har gjort leksene dine.
Er du er vaksen, så er du på veg til jobben, som du kanskje fekk fordi du var ein flittig elev og gjorde leksene dine.
Viss utdanningsdirektøren i Hordaland får viljen sin, så skal det straks bli ein slutt på lekser.
Det står nemleg ikkje i lova at du ikkje må gjera lekser.
Strengt tatt er det vel ikkje slik at lovene skal lista opp alt me skal gjera.
Vera høfleg, eta opp maten vår, ikkje gå på epleslang eller tuta i trafikken, eller snakka stygt om folk.
Lova rekk diverre ikkje over alt – enno.
Men problemet med leksene, slik utdanningsdirektøren i Hordaland ser det, er ikkje at dei ikkje verkar.
Leksearbeid skapar skilnader i samfunnet.
Ungar som enten av fri eigen vilje eller med hjelp av ivrige foreldre gjer lekser, får ein ufortent fordel i høve til dei som ikkje får gjort leksene sine.
Løysinga er difor ikkje å prøva å hjelpa dei som slit litt, men å passa på at dei andre i alle fall ikkje lærer for mykje.
Her er det med andre ord lurt å setta på bremsen litt.
Viss det eg har fått med meg er rett, så er vel neppe problemet at norske ungar får for mykje lærdom.
Verken nasjonale prøvar eller Pisa, Roma eller Firenze testane syner dette.
Det er vel rom for å fylla på meir i dei små lærevillige hovuda som sit klare for dyst ved norske pultar?
Det kan godt henda at lekser ikkje er den beste løysinga.
Kanskje er det betre med heildagsskule?
Det har i alle fall eg sett svært gode resultat av ute i den engelske skulen til dømes.
Men det er dumt å fjerna leksene, før ein har ein plan B.
For resultatet av forslaget frå Hordaland er at ungar over heile landet har starta eit opprør .
Berre i går fekk eldste dotter mi over tjue invitasjonar til vi-hater-lekser grupper på Facebook.
Det er ein dårleg start, så eg tippar at det sit ein del fortvila lærarar rundt om i landet, som har fått ein storm av leksenektarar i fanget.
Det er lett å få ungane med seg med å seia at dei skal sleppa å gjera lekser.
Eg kunne ha sagt at dei skulle få kasta nista si og – og få gratis pizza og ein sjokolade, viss dei vart med på eit skikkeleg treningsopplegg, tre timar etter skuletid.
Men å berre gje dei sjokoladen utan treninga, er vel kanskje ikkje så lurt?
Viss me synes at det vert litt mykje for dei små, så er det klart at me må passa på dei og beskytta dei.
Men kor lenge?
Gjennom ungdomsskulen? Vidaregåande?
Når dei kjem ut i den verkeleg verda, og kanskje skal konkurrera med indarar, kinesarar eller ukrainarar om dei høgt kvalifiserte jobbane, så kan det fort verta ujamn og urettferdig konkurranse.
I alle fall viss studentane frå dei andre landa har gjort leksene sine.
Kven skal hjelpa våre ungar då?
Ikkje utdanningsdirektøren i Hordaland. Og eg trur ikkje dei får noko særleg hjelp frå den indiske utdanningsministeren heller.
Me godtek at folk øver og vert flinke i alle andre delar av samfunnet.
Ingen synes at det er urettferdig at Leif Ove Andsnes har øvd på pianoet sitt 8 timar kvar dag i 20 år. Eller at Bjørn Dæhlie vart verdas beste langrennsløpar fordi han trena nesten dobbelt så mange timar som konkurrentane sine.
Dei syntes nok det var irriterande, og det skapte absolutt skilnader, men urettferdig var det vel neppe.
Så viss ein ser på verda litt stort, utover Hordaland, ja utover Noreg, så er det kanskje ikkje så dumt å fylla på våre små håpefulle så mykje me kan.
Det er i alle fall ikkje særleg smart å fjerna noko, før ein har klart kva som kjem i staden. Eller ty til enkle isolerte, men populære løysingar, som ikkje heng saman.
Det vert som vitsen om den svenske politikaren som forklarde at dei skulle gå over frå venstre til høgrekøyring, men for å gjera overgangen lett, så skulle det berre gjelda bussar og lastebilar fyrste helga.
Ha ein fin dag med litt lekser og litt moro.