Der ingen skulle tru
Det er bitande kaldt på den vesle råsa som leier fram til Glåmhølshylla, ei fjellhylle som ligg heilt for seg sjølv, meir enn hundre mil frå nærmaste hus. Og nærmaste hus er eit postkontor som blei nedlagt allereie før postverket vart oppretta. Her på denne fjellhylla, i ei hytte utan vatn, straum, veggar og tak, bur Hilde Glåmhølshyllefjord. Her har ho budd heilt aleine i snart femten generasjonar. Ho formeirar seg ved knoppskyting. Hilde har aldri møtt eit anna menneske før. [---]
Are Kalvø