Kjærleik for første gong
[---] Då ho kom fram, tagna dei. Dei såg skamfulle ut. Ho undra seg då ho vart var det. Og då ho såg på han, der han stod med kronestykket i den eine handa, vende han andletet bort så ho ikkje kunne sjå augo hans.
Ho stirte på den bøygde nakken hans og skjøna alt saman. Forstod kvifor han hadde komme så uventa og bedt henne med, og kvifor han ikkje hadde sagt så mykje i førstninga kvelden før. No gjekk det opp for henne kva dei tydde, dei orda som kameratane hadde ropt etter han då filmen var slutt. Ho forstod kvifor han hadde fått pengar.
Aase Schmidt