Frå ei stille jente
Tretti par auge stirar på meg. Eg vågar ikkje å sjå opp, så eg borar blikket djupt ned i golvet for å sleppe å sjå dei. Dei ventar på at eg skal seie noko feil, og da kjem latterbrøla. Eg har gløymt kva eg skulle seie, og orda mine forsvinn ein stad i lufta. Stemma mi strekkjer ikkje til. Papiret blir fuktig av dei skjelvande hendene mine. Kinna mine brenn. Dei ser kor nervøs eg er, luktar seg fram til redsla mi. Kvifor er eg her? Eg må ut før eg blir kvelt. [---]
Anonym