Eit spørsmål om skuld
Gjermund: Eg lovar. Denne teksten har eg skrive sjølv. Eg hadde kjempeflaks med oppgåva. Eg trur aldri eg har skrive så godt før.
Lærar: Og det er ikkje det minste rart at du går frå ein toar i førre veke til ein seksar i denne veka?
Gjermund: Du var skikkeleg streng i førre veke. Eg hadde fortent ein firar, minst.
Lærar: Eg er ikkje mindre streng no. Denne prøven riv eg i fillebitar.
(Lyset blir sløkt. Skodespelarane har berre naturleg lys på seg. Gjermund tek eit steg fram og vender seg direkte mot publikum.)
Gjermund: Forstår de korleis eg har det? Kvar gong eg gjer noko bra, får eg høyre at eg har juksa. Eg blir så lei. Men eg skal seie at eg juksa, for no gidd eg ikkje meir.