Du er her: Hovedsiden  >  Velkommen til nettstedet til Sjangerboksen!
 

Velkommen til nettstedet til Sjangerboksen!


Her kan du blant annet lytte til og lese eksempeltekster og lærestoff om sjangrene diskusjonsinnlegg, kåseri, fortelling/novelle og drama. Oppgavene til de forskjellige sjangrene er bonusmateriale, og finnes bare på nettstedet.

På nettstedet kan du også skrive og lagre dine egne tekster i de fire nevnte sjangrene og sende dem direkte til læreren din. Under menypunktet Tekstsenter kan du lese elevtekstene som læreren har valgt å gjøre tilgjengelig for alle. Disse tekstene blir også synlige i en av boksene på denne siden.
 

Diskusjonsinnlegg

Stygg språkbruk frå sidelinja

Sist torsdag blei eg skremd av meg sjølv. Eg følgde ein smågutkamp frå sidelinja. Då sonen min blei blåsen av for offside, kalla eg den 16 år gamle dommaren for «eit blindt misfoster». Det var ikkje pent sagt. Dessverre finst det etter kvart mange foreldre som oppfører seg dårleg på sportsarrangement.

I Brønnøysunds Avis les eg at foreldre og trenarar fleire gonger i fjor var i basketak med dommaren etter kampen. Er fotball verkeleg så viktig at vi er villige til å slåst med nevane mens barna våre ser på? Svaret mitt er nei. Foreldre og vaksne må vere gode førebilete. Fotball er leik, ikkje alvor (...)
 

> Les mer

Drama

Frå ei stille jente

Tretti par auge stirar på meg. Eg vågar ikkje å sjå opp, så eg borar blikket djupt ned i golvet for å sleppe å sjå dei. Dei ventar på at eg skal seie noko feil, og da kjem latterbrøla. Eg har gløymt kva eg skulle seie, og orda mine forsvinn ein stad i lufta. Stemma mi strekkjer ikkje til. Papiret blir fuktig av dei skjelvande hendene mine. Kinna mine brenn. Dei ser kor nervøs eg er, luktar seg fram til redsla mi. Kvifor er eg her? Eg må ut før eg blir kvelt. [---]

Anonym

> Les mer

Fortelling

Kongens drøm

Da sa Finn: «Hva drømte du da, konge, siden du syntes det var så ille du ikke fikk våkne av deg selv?»
Da sa kongen hva han hadde drømt. Han syntes han så en høy stige og gikk oppover den i lufta så langt at himmelen åpnet seg, og så langt nådde stigen. «Jeg var kommet på det øverste trinnet,» sa han, «da du vekte meg.»
Finn svarte: «Jeg synes ikke denne drømmen er så god som du visst synes. Jeg tror dette varsler at du skal dø, dersom det da var noe annet enn søvnørske som kom over deg.» [---]

Snorre Sturlason

> Les mer av fortellinga

Kåseri

God morgon.

Eg reknar med at du er på veg til skulen og har gjort leksene dine.
Er du er vaksen, så er du på veg til jobben, som du kanskje fekk fordi du var ein flittig elev og gjorde leksene dine.
Viss utdanningsdirektøren i Hordaland får viljen sin, så skal det straks bli ein slutt på lekser.
Det står nemleg ikkje i lova at du ikkje må gjera lekser.
Strengt tatt er det vel ikkje slik at lovene skal lista opp alt me skal gjera.
Vera høfleg, eta opp maten vår, ikkje gå på epleslang eller tuta i trafikken, eller snakka stygt om folk.
Lova rekk diverre ikkje over alt – enno.
Men problemet med leksene, slik utdanningsdirektøren i Hordaland ser det, er ikkje at dei ikkje verkar.
Leksearbeid skapar skilnader i samfunnet (...)

av Arne Hjeltnes

> Les mer av kåseriet